Kulturlandskapssenteret
Kulturlandskapssenteret i Telemark blei stifta i 2005, og er organisert som eit non-profitt aksjeselskap. Blant aksjeeigarane er det både lokale, regionale og nasjonale organisasjonar, institusjonar og verksemder. Ingvill Garnås er dagleg leiar, og har kontorstad på Bygdesentralen i Hjartdal.

Målet med verksemda er formidling av kunnskapar om kulturlandskap. Aktivitetane spenner frå guiding, undervising og kurs til konsulentverksemd i form av kartlegging og utarbeiding av skjøtselsplanar for eldre biologisk verdifulle kulturmarkstypar.

I tillegg er Kulturlandskapssenteret med på å legge til rette for såkalla "frie opplevingstilbod" i kulturlandskapet lokalt. Hjartdal er saman med grannebygda Svartdal rekna blant landets mest verdifulle kulturlandskap (Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap 1994, Den nasjonale kulturlandskapssprisen 2007). Informasjon om dette finst fritt tilgjengeleg på infotavler ved Hjartdal kyrkje og langsmed kultur- og naturstigen Ambjørndalsstigen, samt i form av digitale forteljingar på www.digitaltmuseum.no (søkeord #Hjartdalsforteljingar).
Kva me kan tilby:
Tema for våre føredrag er kulturlandskap før og no, kulturlandskapet "før og etter kunstgjødsla" (ei direkte kopling til verdsarven/industrieventyret Notodden-Rjukan), dei eldre kulturmarkstypane - levande kulturminne og biologiske skattekammer, historie, biologi, forvalting og skjøtsel. Ingvill Garnås er også ein habil kvedar, og kan om ynskjeleg legge inn ein musikalsk bolk i opplegget (mykje av den vokale folkemusikken er knytt til kulturlandskap).

Ta kontakt for tilbod om opplegg og pris. Me kan også gjerne tilrå andre stader de kan besøke i kombinasjon med eit besøk til oss.
• Føredrag om kulturlandskap (me kjem dit de er)
• Føredrag med guiding (de kjem til oss, får føredrag på Teleros og guiding i nærmiljøet)
• Guiding langsmed lokale ruter eller stigar
• Arrangerer også kurs og temadagar
Tlf. 97187758

E-post: post@kulturlandskapssenteret.no
Heimeside: www.kulturlandskapssenteret.no