Om oss

NB! Annedammen i Aaarhusfossen-Hjartdalsbygda er langtidsutleigd for ei tid framover. Kjem tilbake med opplysningar når det blir ledigt for utleige att.

Annedammen ligg idyllisk til innved Aarhusfossen øvst i Hjartdalsbygda. Her kan du bade i varm stamp, symje ute i elvedammen, ta badstoge i eldhuset.

Aktivitetane kan gjerast året rundt men best i sommarhalvåret. Alle har sin sjarm; sitte ute i 15 minusgrader og sjå på stjernehimmelen – bade i nysnø, eller sitte ute i stampen ein sumarkveld utan å bli kald – gjerne med god mat og drikke som de kan ta med.

Vi kan by på

• 1 badestamp (plass til ca. 10)
• 1 grillhytte – her kan du grille/ete mat
• 1 eldhus med badstoge og skifterom (m/langbord)
• Overnatting i restaurert gamalt hus frå 1700-talet

Overnatting;

Restaurert «Vårfjos» med bad og toalett, minikjøkken m/kjøleskap, langt spisebord, salong, 2 soverom m/tils 9 sengeplassar, grunnvarme i golv og vedfyring + sovehems. Herifrå kan du ta turar innover i fjellheimen, med bil – på ski eller til fots. Du kan kjøpe fiskekort til ein del av fjellvatna.

Hyttetomter;

Plan for 40 hyttetomter – Gaulås – Langelie er godkjend men ikkje opparbeida. I dag er dette området det næraste du kan bygge på inntil Skjessvatn og villreinområdet i Brattefjell-Vindeggen

Gamal bustad;

Nyoppussa gamal bustad – ferdig til utleige frå hausten 2015