Om oss
Kulturlandskapssenteret tek på seg omvisingar, føredrag og kulturprogram. Om du tek ein tur innom oss (eller om du inviterer oss til deg), kan du lære mykje både om historia og dei framtidsretta verdiane i jordbrukslandskapa våre .
Dagleg leiar Ingvill Marit Buen Garnås har bakgrunn både som naturforvaltar og kvedar (folkesongar), og gjev ei jordnær og heilskapleg innføring i dal- og fjellbygdene sitt kulturlandskap.
Senteret er lokalisert i Hjartdal, midt i et nasjonalt utvalde kulturlandskapet Hjartdal og Svartdal UKL. Her finn du eit allsidig og aktivt landbruk, eit biologisk mangfald i særklasse og ein rik kulturarv både i bygningar og landskapsstruktur. Området er også rikt på immateriell kulturarv, for eksempel forteljartradisjon.
Besøksdelen vår er på Holm Landhandel og Kulturlandskapsskulen like ved, og me kan også ta dykk med ut i terrenget til utvalde lokalitetar i nærområdet.
Grupper etter avtale.





