Anten du er på utkikk etter overnatting eller servering i området Notodden, Hjartdal og Seljord – eller du skal organisere noko for ei gruppe, og treng eit eigna lokale og gode innspel til program, er denne nettsida ein god plass å finne det du er ute etter!

Telegardar er ei samanslutning av lokale verksemder langs «gamle E134» gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal (FV 3420). Denne turistvegen har fått namnet Sogevegen om Nutheim. Det er også med nokre aktørar aust og vest for sjølve Sogevegen. Tilboda våre er litt utanom det vanlege. Stikkord er bygdekultur, fjell, husdyrhald, kulturlandskap, friluftsliv, handverk og soger (forteljingar). Me tek i mot enkeltpersonar og familiar, samt grupper frå næringsliv, organisasjonar og private tilstellingar.

Me held til sentralt på austlandet, berre ca. 2,5 timars biltur frå Oslo. Rundt oss finn du Sør-Noregs finaste fjell: Vindeggen i vest, Gaustatoppen i nord, og Mælefjell og Skorve i sør. Området passar særs godt for eit aktivt natur- og friluftsliv.

For bestilling / informasjon, ta kontakt direkte med aktuell tilbydar i Telegardar, eller send ein e-post til: post@telegardar.no. Du kan også ringe Nordbø pensjonat på tlf. 907 57 753  (tek i mot felles førespurnader for Telegardar).

Kontaktpersonar i styret for Telegardar er elles Brit Merete Funner på 986 13 795 og Ruth Gunlaug Haug på 913 92 067.

Kontakt oss