Kulturlandskapssenteret

Om oss

Kulturlandskapssenteret tek på seg føredrag, kulturprogram og omvisingar med utgangspunkt i dal- og fjellbygdene sitt kulturlandskap. Om du tek ein tur innom oss (eller om du inviterer oss til deg), kan du lære mykje om vår felles natur- og kulturarv i dei gamle jordbrukslandskapa. 

Me held til i det nasjonalt utvalde kulturlandskapet Hjartdal & Svartdal UKL. Her er det særs mange lokalitetar med artsrike naturtypar som slåtteeng og haustingsskog, i tillegg til ein rik kulturminnearv både i bygningar og landskapsstruktur. 

Dagleg leiar Ingvill Marit Buen Garnås brukar sin bakgrunn som naturforvaltar og kvedar (folkesongar) i si formidling. Kulturlandskapssenteret/Ingvill tek også del i bedriftsnettverket Mytiske Telemark. Målet vårt er å vidareføre den rike forteljartradisjonen som finst i bygdene langs Sogevegen (FV3420), til glede for både langvegsfarande og lokale gjester. Ingvill jobbar også mykje med å føre dette vidare til born og unge. 

Folkesongane og forteljartradisjonen vår er forankra i det før-industrielle sjølvbergingssamfunnet, og «det gamle jordbrukslandskapet» er vårt fagfelt. Ein tur til oss kan de gjerne kombinere med ein tur til verdsarvområdet Rjukan – Notodden Industriarv; der får de høyre historia bak kunstgjødsla og korleis denne oppfinninga som fann stad i Telemark i starten av 1900-talet skulle føre til ein revolusjon i landbruket på verdsbasis! 

Sjølve er me opptekne av dei kulturelle og dei framtidsretta sidene ved å vidareføre nokre av verdiane frå dei eldre laga i jordbrukslandskapet, ikkje minst det biologiske mangfaldet knytt til slåtteenger og styvingstre. 

Me har enno ikkje eit eige fysisk infosenter, men samarbeider med mange lokale aktørar, som Hjartdal bygdesentral (om kontorlokale), Teleros (om føredragslokale for større grupper) og på sikt Holm Landhandel og Gamleskulen (om møte- og utstillingslokale). Me har Hjartdal og Svartdal UKL og Sogevegen (FV3420 gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal) som vårt nærområde, men tek også på oss oppdrag andre stader. 

Alle er velkomne til å ta kontakt. Grupper etter avtale.