Om oss

Utleige av lokale til møte, kurs og selskap. 

Ta kontakt med Hilde Dahl Hovdejord på mobil 90186234.

Teleros er eit samdriftsfjos med 5 partar. I andre etasje av fjoset ligg Uppåstugu. Lokalet er møblert med solide langbord og bordplass til ca. 40 stk. Det er i tillegg plassar i sofagrupper lengst bak i lokalet.  

Frå Uppåstugu er det flott ustyn utover Hjartdal bygd, som er ein del av Hjartdal og Svartdal sitt særmerkte og utvalde kulturlandskap. Inn mot fjosdelen er det glasvegg, og fint innsyn ned i det moderne samdriftsfjoset. På Teleros møtest ny og gamal tid. Det er open naturbeitemark rundt fjoset, og eit gamalt vårfjos har fått stå som ein viktig del av historia. Dei som er med i Teleros skjøttar også naturbeitemark og andre gamle kulturmarksslag heime på dei respektive gardane sine og i fjellet. Kulturlandskapssenteret brukar ofte Teleros/Uppåstugu når dei skal ta i mot grupper som skal lære om det gamle jordbrukslandskapet, verdiar og utviklingstrekk fram til i dag. 

Kontakt

Hilde Dahl Hovdejord