Holm landhandel

Holm landhandel er det butikk med eit rikt utval av varer frå nærområdet og ein enkel kafé. Landhandelen er open i helgene juni-august, og elles etter avtale. Nettverket Telegardar står for drifta av butikken og sommarkaféen. Kulturlandskapssenteret brukar også lokala som del av sitt besøkssenter, i kombinasjon med Kulturlandskapsskulen like ved.

Den gamle butikkbygningen stod lenge til nedfalls, og blei restaurert og renovert i samband med etablering av turistvegen Sogevegen – turistvegen gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal. Fra om med 2022 har Telegardar og Kulturlandskapssenteret hatt tilhald i 1. etasjen. I 2. etasjen er det utleigeleiligheit. Holmsbutikken AS er den formelle eigaren av huset, og er i seg sjølv eit non profit aksjeselskap.

Kulturlandskap, kunst og forteljngar er viktige varemerke for Sogevegen. Dette er på Holm landhandel kome til uttrykk gjennom kunstverk laga av Hans Christian Borchgrevink Hansen; «Hjartdal gjendiktet», akvarellar i butikkhyllene / Ellen Henriette Suhrke; Fotostudie av styvingstre inne på glasverandaen / Jadwiga B. Podowska; Systermarihand i butikkvindaugaet. I tillegg kan de plukke bøker og hefte om både kulturlandskap og lokal sogetradisjon i bokhyllene.

Lokala blir også leigd ut til møter og mindre selskap, når ledig.

Kontakt Ruth Gunlaug Haug tlf 913 92 067 for ev. spørsmål eller bookingar.